Karmel “Totus Tuss” Karmelittklosteret, Tromsø, Norway

Shadow

 

Paal Claudel Jomfru Maria høgstdags 

 Oversatt av Sigmund Skard. 

 

Det er høgstdags, kyrka open. Innom døra eg tred. 

Mor åt Jesus Kristus; eg kjem ikkje for å be. 

 

Det er inkje det eg ønskjer, eg har ingen ting å by. 

Eg kjem berre, Moder, for å sjå deg på ny. 

 

For å sjå deg, og gråta av den lykka eg ber; 

eg veit eg er ditt barn, og at du er der. 

 

Berre for ein blunk, medan alle ting blir stille. 

Høgstdags! 

Vera hos deg, Maria, der sjølv du vera ville. 

 

Ikkje seia noko, berre skoda, draga dine, 

la hjarta syngja og bruke orda sine. 

 

Ikkje tala, men berre kveda, det som rådlaust 

sprengjer på, 

som ein måltrost syng ut gleda i ein leik av strofer brå. 

  

For di du er fager, for di du er rein, 

kvinna reist opp att gjennom Nåden sin, 

 

skapnaden opphavs-heidra og forløyst med alt hans, 

slik han føddest fram or Gud i sin morgonglans. 

Useieleg urørt for di det er du som er Jesu Kristi mor. 

Han som er sanninga i dine armer, 

di frukt, vår von på jord. 

for di du er kvinna, eit ljuvt Eden.  

av kjærleik som var gløymd. 

 

Eit syn rører ved hjarta brått, og løyser tåra tøymd, 

for di du frelste meg, for di du freste landet (Frankrike) og, 

for di landet, liksom eg, var noko som trygt i din tanke låg, 

for di, i stunda da all ting brast, da var det du steig ned, 

for di du har berga landet (Frankrike), denne gongen med, 

for di det er høgstdags tid, for di vi fekk leva 

denne dagen, for di 

du er der, i æva og alltid, einast for di 

du er Maria, einast  

for di du er til, 

er takka deg, Moder, alt eg ville. 

 

Valg av ny priorinne og nye rådssøstre i Karmel «Totus Tuus»

 

Onsdag 21.april ble sr. M. Bronislawa av Jesus Hostien gjenvalg til priorinne for de neste tre år.

 

Nye rådssøstre er sr. M.T.Hosanna av Jesusbarnet, sr. M. Natalia av Eukaristien, sr. M. Bożena av Kristus Forløseren og sr. Eva-Maria av Inkarnasjonen.

Vi ber dere om forbønn for sr. Bronislawa, rådssøstrene og for deres tjeneste for kommuniteten.

 

Med hilsen og bønn,
Karmelittnonnene i Tromsø

                      

Kjære venner!

Vi har gleden av å invitere dere til å forberede dere på Den Hellige Ånds komme sammen med oss.

Hver lørdag - første gang 17.04- frem til Pinse vil p.Arne Marco Kirsebom SSCC hjelpe oss i denne forberedelsen gjennom korte prekener under messen kl. 9.00

( Obs ! 8.05 bortfaller)

Bli med å påkalle Den Hellige Ånd, for å kunne motta hans gaver og stadig dypere erfare hans virke i våre liv.

Man kan delta via facebook.com/karmelitt

Velkommen!

 

 

 

Shadow